Vilkår


Vilkår for bruk av tenesta «Folk» mellom brukar og Fjordenes Tidende AS (929 552 237).

Ved å akseptere denne avtaleteksten godtar du vilkåra skissert  for deg som brukar av tenesta. Avtalen omfattar bruk av bilde og tekst i annonsane som blir laga i tenesta.

Det er brukar sjølv som bestemmer innhald i sine annonsar, men brukar må følge normal skikk og sedvane. Annonsar og helsingar skal ikkje innehalde bilde som brukar ikkje har rettigheiter til, og brukar må vere sikker på at avbilda personar er innforstått og einige i slik bruk. Innhaldet i annonsar og helsingar kan ikkje bryte med norsk lov og sedvane. Bilde skal ikkje ha gjennomgått vesentlege redigeringar og kan ikkje innehalde filter eller element (stickers) frå  f.eks. snapchat o.l.

Tenestene skal ikkje brukast  for ordinære kunngjerings- og bedriftsannonsar. Slike, samt dødsannonsar og takkeannonsar, skal sendast til annonse@fjt.no. Minneord skal sendast til redaksjonen@fjt.no.

Bestillingsfristane for tenestene kan vere forskjellige frå kategori til kategori og står oppført i bestillingsløysinga for kvar enkelt kategori. Merk at det kan vere avvik  på fristar ved høgtids- eller andre raude dagar.

Vi tilbyr betaling med Visa og Mastercard via Payex. Meirverdiavgifta er inkludert i betalinga di og vil ikkje bli belasta utover opplyst pris. Det er ingen abonnementsforhold som fører til gjentatte betalingar/trekk. Når betalinga  er gjennomført, vil du motta ei ordrestadfesting på di oppgitte e-postadresse.

Du har angrerett så sant bookinga di ikkje er publisert digitalt eller i papiravis. På denne måten kan vi stoppe innlegget ditt før det blir publisert. Så snart innlegget er publisert første gong, digitalt og/eller i papiravis, er vara å sjå på som levert.

Ved ønske om reklamasjon i samband med feilaktig leveranse, har vi mulegheit til å booke inn annonsen din til eit seinare tidspunkt eller refundere beløpet du har betalt.

Ved misbruk eller brot på desse retningslinjene kan avisa slette, avpublisere eller nekte publisering. Brukar vil få høve til å rette opp innhaldet, men har ikkje rett til refusjon av eventuelt betalt beløp. Avisa hevdar  også retten til å gjere korrigeringar i tekst og justering av bilde.

Avisa har rett til å bruke bilde og tekst i annonsar og helsingar på avisas nett- og papirprodukt. Innhaldet vil ikkje bli brukt til andre formål enn det som er naturleg i forhold til den tenesta brukar nyttar seg av.

For ytterlegare spørsmål, ta kontakt med annonseavdelinga per telefon 57 84 90 00 eller e-post folk@pmnv.no. Vi ber om at du har referansenummeret tilgjengeleg ved kontakt -  dette finn du i ordrestadfestinga di.