Oddfrid Varpe 90 år 23.02.

22.02.2019

Vi vil gratulere hjarteleg vår flotte mamma med dagen. Ho er den mildaste, sterkaste og mest omsorgsfulle dama vi veit om. Ho syng i kor, held seg i form og har alltid eit smil på lur. Om sommaren behøver vi ingen sydenturar; vi har deg kjære mamma i vakre Dalen i Bremanger. Du tar imot oss alle saman samtidig - du er eineståande. Laurdag skal vi hylle deg med 3 gangar 3 HURRA. Vi gleder oss til å feire deg. Helsing barn, svigerbarn, barnebarn og oldebarn.